Møte med lege/helse

Når den somatiske pasienten har vore utsett for seksuelle overgrep kan det gje seg utslag i ulike tilleggsproblem når det gjeld diagnostisering og behandling. Her peikast det på ein del område behandleren bør vere merksame på.

Relasjonar

Nokon av dei som har erfaringar med seksuelle overgrep har problem med å stole på andre. Dei kan trenge tid for å verte trygge. For nokon kan det dirfor vere viktig å for eksempel bruke tid før ei undersøking. Det kan opplevast vanskeleg å skulle forhalde seg til mange ulike personar både under ei undersøking og i eit lengre behandlingsforløp.

Å verte spurt direkte

Fleire av brukarar ved senteret har uttrykt at dei ønskjer å verte spurt direkte om dei har vort utsett for seksuelle overgrep. Mange seier at dei sjølv synast det er vanskeleg å fortelje, og at det ville vore lettare å verte spurt direkte.

Tap av kontroll

Mange pasientar som har opplevd incest eller andre seksuelle overgrep har behov for å ha kontroll over eige liv. Dette behovet bunnar ofte i at dei som barn vart fråteken kontrollen og andre tok makt over dei. Det å få behov for medisinsk hjelp ved sjukdom kan opplevast som tap av kontroll for nokon.

Det kan vere skremmande å ikkje vete kva ein behandling skal gå ut på. Gjer det vondt? Skal dei ta blodprøvar? Må eg kle av meg? Vert det mange til stades? Fysisk nærleik opplevast vanskeleg for mange. Ein lege eller sjukepleiar kan både ha behov for å ta på, flytte på eller gjere inngrep på pasienten. Dette kan opplevast ubehageleg, og gjeld særleg om denne berøringa kjem uforberedt. Ved innlegging på sjukehus kjem i tillegg pasienten bort frå sine næraste, og kan kjenne seg ”prisgitt ei overmakt”. Dette kan minne om overgrepssituasjonen i barndomen.

Kroppsleggjering

Dersom ein behandlingssituasjon vert travel med lite tid til kommunikasjon, vil pasienten kunne føle seg ”berre som ein kropp”. Dette kan gje minner frå overgrepssituasjonar. Mange som har vert utsett for seksuelle overgrep opplev skam knytta til eigen kropp. Det å vere avkledd kan difor opplevast vanskeleg for nokon, og gje minner knytta til overgrepssituasjonen.

Gynekologiske og andre intime undersøkingar

Det å verte undersøkt på intime kroppsdelar kan gje direkte assosiasjonar til overgrep. Nokon kan forbinde dette med skam og smerte. Slike undersøkingar kan vere svært vanskeleg, og nokon kan dissosiere. Med dette meiner vi å sette seg sjølv utanfor situasjonen og blokkere for inntrykk frå omverda. Dette merker ikkje alltid behandlar, men kan vere svært ubehageleg for pasienten.

Fysisk smerte

For mange var de seksuelle overgrepene svært smertefulle. Det kan då seinare oppstå ein forbinding mellom fysisk smerte og vonde minne. Nokon kan difor synast å overreagere. Dette er nokon mange er bevisst, og som igjen kan gjere situasjonen belastande. Det å oppleve seg sjølv som vanskeleg, ein som tek ekstra plass, eller vert sett på som sytete kan opplevast vanskeleg. Mange barn som opplev seksuelle overgrep dissosierer. Dette kan vere ein strategi nokon velger å bruke seinere også. Desse kan verke tilsynelatande uberørt av smerten, og ”tåle alt” i tausheit.

Undersøkingar av einskilde kroppsdelar

Undersøkingar av stader på kroppen som vart utsett for seksuelle overgrep, kan utløyse flashbacks. Dette treng ikkje berre å gjelde dei intime delane, men kan vere halsen som vart halden over, handa eller hovudet som vart pressa ned.  Skjer slike flashbacks vil behandlar kunne oppdage dette gjennom ulike reaksjonar, medan nokon kan dissosiere. Det er difor viktig å heile tida kommunisere med pasienten.

Å sette grenser

For nokon kan det vere vanskeleg å uttrykke eigne behov, sei frå ved misnøye eller sette andre ”naturlige” grenser. Dette kan for einskilde verte særleg vanskeleg i ein pasientrolle, då dei kan oppleve å vere underlagt andre si makt eller autoritet. Nokon kan synast det er lettare å sei frå om dette dersom dei opplev at det er mogleg å sette grenser. Dette kan for eksempel vere ved at ein lege poengterar at ein berre må sei frå om noko opplevast ubehageleg, eller spør korleis det går.